dansetur gol 2017 03

Så var danseturen til Gol overstått, også i år ein vellukka tur frå først til sist.
29 Mai var det 40 danseglade personar som sette seg på bussen i Askvoll til ein svært blid sjåfør med ein smittande latter.
Askvoll seniordans stod før opplegget, og hadde med seg dansarar frå nabolaga.
I Sogn dal fekk vi god lunsj før det bar rett til Gol. Der vart det velkomstdrink før vi gjekk til middagsbordet, dans til husets musikk.
Tirsdag var det seniordans heile dagen. “Dette har blitt ein tradisjon”sa leiaren i Gol seniordans, Thor Alf Tollefsrud då han ynskte odd velkommen.
Og velkommne følte vi oss frå første stund. I tillegg til dansarar frå Gol var det også frå Geilo og Ål, og instruksjonen gjekk på omgang mellom laga.
Følte vel alle at dagen gjekk allfor fort, hadde lita tid til pause, men mat mat måtte vi ha. om kvelden var det ei gruppe frå Gol som dansa Hallingspringar til oss. etter middagen var det dans til husets musikk. hadde også ei ykt med seniordans på onsdagen før vi tok på heimveg etter lunsj med same lattermilde sjåføren. alle var samde om at dette hadde veert ein fin tur.

mvh Annemor Helle

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)