Laget starta opp i oktober 2006 etter att medlemer i LHL og

Revmatikarlaget her hadde vore på kurs i Sogndal. Der var

det utsendingar frå heile fylket, så det var 4 spente

utsendingar som ikkje hadde vore bort i Seniordans før. På

kurset lærde dei to dansar som heitte `Fluen og `Rugen det

gjekk ganske bra tykte dei.

Så 5.oktober i 2006 starta me opp fyrste dansekvelden. Det

kom heile 22 som ville vera med å dansa. Me vart veldig

begeistra over det gode oppmøtet, og sidan har me halde på

med dansekveldar kvar torsdagkveld frå kl.1700 til 1900 med

ein liten kaffipause med enkel bevertning, skikkeleg koselegt.

Etter kvart har fleire vore på kurs, me har hatt 4 danseleiarar

veldig flinke alle, det har vore ein styrke for laget, me har øvt

inn eit utal av dansar stadig nye, så det er trening for både

hovud og føter. Talet dansarar varierar frå ca. 18 til 28. Me

har også med nokre dansarar frå nabobygda Årdal, dei dansar

både i Årdal og her, skikkeleg spreke damer.

Me reiser på vitjing til danselag i nabobygdene Vang,Vik,

Årdal, og me har og vitjing av andre lag.

Me har eit veldig godt miljø i laget og mykje skøy og moro, så

me gler oss til torsdagskveldane.

1.desember 2016 feira me 10års jubileum. Det var folk frå

Fylkeslaget, talar, song,koltbord og dans, ein svært vellukka

kveld.

Me har same problemet som mange andre lag ,rekruttering, til

å få yngre inn til danseleiarar, men me håpar det kan laga seg.

 

Sang skriven av ei av dansarane i laget til 10års feiringa.

Dansevise til seniordansen.

Mel. Husmannspolka ( Danse danse dokka mi---)

Kom hit no raude og kom hit no blå,

bytt om fot og gå, gå

no skal me dansa så alle får sjå

bytt om fot og gå,gå

Hand i hand i ringen stor

danse, danse senior

vending om- - - kryssar bak,

bytt om fot og gå,gå

Tango og rumba det fiksar me fort,

rumbasteg og bytt om fot,

går dosadoor og i gjennom ein port

bytt om fot og gå,gå

Kvilesteg og så ein tipp,

åh-for sein- - det var ein glipp,

neste tur me tek oss att- - og så kan dansen vandre!

Polka reinlender, feiande vals,

trallalatrallala

ringdans,masurka og turr blir min hals.

bytt om fot og gå , gå

refr: Hand i hand

Lærdal kan feira dei ti fyrste år

bytt om fot og gå, gå

Moro me har frå me kjem til me går,

trallalatrallala

Ynskjer nye folk å sjå- - - likevel vil dansen gå,

Danse,danse senior- og tusen takk for dansen!!

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)