8. Juni sette 36 seniordansarar seg på bussen med kurs over fjellet og til Pers Hotell på Gol.
Det var Askvoll Seniordans som stod bak, og arrangerte turen.
Vi fekk med oss dansarar frå Førdefjorden, Førde, Hyllestad, Atløy og Jølster. Ein Glad gjeng.
Heile torsdagen dansa vi saman med Gol seniordans.
Etter middag torsdag kveld kom nokre frå Gol og synte oss hallingspringar.
Dei var kledde i bunad så det vart fest over det.
Fekk også Fanitullen og Åse fantemor deklamerte av Rasmus Støyva og Johannes Ness. Eit fint innslag.
Fredag hadde vi også ei ykt med seniordans, før vi sette kursen heimover.
Vergudane var på vår side heile tida, strålande sol frå klar himmel frå først til sist.
Ein dyktig sjåfør, glade passasjerar og flinke dansarar. Så i år som i fjor ein strålande tur.

Annemor Helle (Askvoll Seniordans)

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)