13 AUGUST 2015 vart Seniordansens dag arrangert i Askvoll Samfunnshus. Dette var eit innslag i Dalsfjordveka og eit samarbeid mellom danselaga i Askvoll, Fjaler og Gaular kommunar. I tillegg var der med dansarar frå Hyllestad, Kyrkjebø, Førde og Naustdal seniordanslag.

 

Vi vart samla ca. 100 dansarar. Publikum møtte og opp og fekk høyre ordførar Frida Melvær ynskje alle velkommen. Etter nær to timar med dans, var det tid for litt underhaldning frå scena med gruppa «SkøY» frå Atløy. Dagfinn las Jakop Sande dikt og fortalde stubbar. Til allsongen spelte Einar trekkspel. Etter pausen var det to timar til med dans. Instruksjonen gjekk på omgang mellom instruktørane i dei ymse laga. Det fungerte fint. Samfunnshuset selde smørbrød, kaker og kaffi. Dette vart ein veldig fin ettermiddag som godt kan gjentakast.

For seniordanslaga

Annemor Helle

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)