Måndag 11 mai inviterte Askvoll seniordans til treff i samfunnshuset.

Dei inviterte var Naustdal, Førdefjorden og Atløy Seniordanslag. Ca 60 dansarar vart vi. Og vi dansa mange forskjellige dansar, frå «Den lille valsen» til musikk av Alf Prøysen i sønnavindvalsen, frå det tidlegaste kurset og «Opretten Meadly « frå det siste. 2 timar med variert dans og musikk. Til servering hadde medlemmane i Askvoll laga gode smørbrød, og masse gode kaker. Ein trivelig ettermiddag som vi håpar at vi kan ta oppatt ein gong når hausten kjem.

Arr: Askvoll seniordanslag

 

 

Arr: Askvoll seniordanslag

 

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)