Vågsøy Seniordans  

Fredag 31. oktober feira vi 10 årsjubileum for Vågsøy Seniordans -Festen var i Kulturhuset Turnhallen. Dei som var med fra starten av, og som av ulike årsaker er slutta, leiaren i Vågsøy Pensjonistlag, Kristin Hafsås, og sist men ikkje minst ,fylkesleiar i seniordans Sogn og fj.Olaug Bakke Gjengedal.med ektemann,Asbjørn, var blant dei innviterte gjestane. Så mellem 50 og 60 personar var tilstades på festen vår. Fint dekka bord, god middagsmat. kaffi og kaker, sang og litt underhaldning. Og sjølvsagt mykje seniordans der alle var med som kunne bevege seg, Kjempekoselig. Historia til V S, vart framført og den følger her.

Her danser vi linedans. Fra venstre: Kjellaug Vedvik, Solfrid Kråkenes, Sigyn Frekhaug(bak), Else Kvalheim og Audhild Svensen.

             

 

Vågsøy Seniordans vart starte 26 oktober, 2004 etter initiativ fra Vågsøy Pensjonistlag. Ingri Føleide, dåverande leiar. og Kari Myhre var dei som sette igang det som vart Vågsøy Seniordans. Vi var tilknytta dette laget det første året og vart då innmeldt i Seniordans Norge og betalte kontingent der. Bjørg Nygård tok oppmodinga om å gå på kurs og vart vår fyrste danseleiar .Oddrun Husevåg frå Eid seniordans , bidrog med sin erfaring ilag med Bjørg . Seinare gjekk Ingri Føleide også på kurs, og enda litt seinare kom Atle Tennebø med i laget, gjekk på kurs og vart danseleder . til sist kom Kirsten Hammersvik og Helene Oksholen med og etter å ha vore på kurs hadde vi plutselig 4 instruktører. Ingri og Oddrun var då slutta. Det vart ein flott start av laget fyrste kvelden med smekkfult hus. Vi skifta til større lokaler og medlemstalet var stabilt, men det har gått opp og ned etterkvart .Det var morsomt å lære dansane og navn som "Dosado" "California Twirl" "Arkade ". "Tvinkelsteg" o.s.v.svirra i lufta og det gjekk nokk i surr stundom for ein stakkars pensjonist Men moro var, og er det, Ein gong fekk vi besøk av lokalavisa for å skape litt blest om seniordansen, Vi stokka både armar og bein og den stakkars journalisten hadde ett svare strev med å få ta bilde av oss - Men vi kom i avisa og det synte ikkje at vi gjorde feil. No danser vi Linedans, Rounds ,og meir avanserte seniordanser. Vi opptrær på institusjonane våre og dei gamle er så takksame for at vi vil komme. Offentlig er det opptreden på "Måløydagene", på Eldretreff, Kulturnatt og når noken spør om underhaldning -Vi dansa på kaia då NRK sin "Sommeropenbåt"la til her Når vi slutta av til jul eller sommer går vi ut på restaurang og eter en bedre middag Det er sosialt og kjektVi ynskjer oss fleire medlemer,spesielt menn. Vi har ein og han held ut med oss damene men det ville vere kjekt om hanfekk selskap. Dette er i korte trekk hiostoria vår dei fyrste 10 åra av Seniordans Vågsøy si historie. Vi står på for nye 10 år - Seniordans er flott.

fra venstre :Atle Tennebø, Bjørg Nygård, Kari
Myhre var med å starte laget vårt, Kirsten Hammersvik, Oddrun Husevåg og Helene
Oksholen

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)