har 32 registrerte dansegrupper
Gruppe/Navn
Kontaktperson
Region
Årdal Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Askvoll Seniordanselag
Region Sogn og Fjordane
Atløy Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Balestrand Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Breim Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Bremanger Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Eid Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Fjærland seniordans
Region Sogn og Fjordane
Fjaler seniordans
Region Sogn og Fjordane
Florø Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Førde Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Førdefjorden Seniordanselag
Region Sogn og Fjordane
Gaular Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Gloppen Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Gulen Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Hyllestad Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Jølster Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Kolset Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Kyrkjebø Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Lærdal Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Seniordans Leikanger
Region Sogn og Fjordane
Luster Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Naustdal Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Selje Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Sogndal Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Solund Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Svelgen Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Vågsøy Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Vanylven Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Vik Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Vikane Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Viksdalen Seniordans
Region Sogn og Fjordane
Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)

 dansetur gol 2017 03

Så var danseturen til Gol overstått, også i år ein vellukka tur frå først til sist.
29 Mai var det 40 danseglade personar som sette seg på bussen i Askvoll til ein svært blid sjåfør med ein smittande latter.
Askvoll seniordans stod før opplegget, og hadde med seg dansarar frå nabolaga.
I Sogn dal fekk vi god lunsj før det bar rett til Gol. Der vart det velkomstdrink før vi gjekk til middagsbordet, dans til husets musikk.
Tirsdag var det seniordans heile dagen. “Dette har blitt ein tradisjon”sa leiaren i Gol seniordans, Thor Alf Tollefsrud då han ynskte odd velkommen.
Og velkommne følte vi oss frå første stund. I tillegg til dansarar frå Gol var det også frå Geilo og Ål, og instruksjonen gjekk på omgang mellom laga.
Følte vel alle at dagen gjekk allfor fort, hadde lita tid til pause, men mat mat måtte vi ha. om kvelden var det ei gruppe frå Gol som dansa Hallingspringar til oss. etter middagen var det dans til husets musikk. hadde også ei ykt med seniordans på onsdagen før vi tok på heimveg etter lunsj med same lattermilde sjåføren. alle var samde om at dette hadde veert ein fin tur.

mvh Annemor Helle

Lærdal seniordans, Sogn og fj. inviterte Årdal seniordans, same region, og Bulken seniordans frå Hordaland
til hyggeleg ettermiddagstreff med utveksling av danseglede og ein pause med mykje god heimelaga mat.
Dansarane frå Bulken takkar hjarteleg for at me fekk koma.

 

Hei.  Ville berre fortelle at i Askvoll har vi siste året fått 8 nye medlemer i danseringen vår.For nokre få år sidan var vi 12 stk ,var nesten innstiltpå at vi måtte ta pause,
men så snudde det. Vi er 1 ring av 3 ringar her i ein liten kommune på ca.4000 innbyggarar. Så eg er veldig fornøgd med innsatsen .Eg har ein veldig fin gjeng å danse med. 

        Med helsing Askvoll seniordans.

      Annemor Helle   -leiar og danseinstruktør

 

Laget starta opp i oktober 2006 etter att medlemer i LHL og

Revmatikarlaget her hadde vore på kurs i Sogndal. Der var

det utsendingar frå heile fylket, så det var 4 spente

utsendingar som ikkje hadde vore bort i Seniordans før. På

kurset lærde dei to dansar som heitte `Fluen og `Rugen det

gjekk ganske bra tykte dei.

Så 5.oktober i 2006 starta me opp fyrste dansekvelden. Det

kom heile 22 som ville vera med å dansa. Me vart veldig

begeistra over det gode oppmøtet, og sidan har me halde på

med dansekveldar kvar torsdagkveld frå kl.1700 til 1900 med

ein liten kaffipause med enkel bevertning, skikkeleg koselegt.

Etter kvart har fleire vore på kurs, me har hatt 4 danseleiarar

veldig flinke alle, det har vore ein styrke for laget, me har øvt

inn eit utal av dansar stadig nye, så det er trening for både

hovud og føter. Talet dansarar varierar frå ca. 18 til 28. Me

har også med nokre dansarar frå nabobygda Årdal, dei dansar

både i Årdal og her, skikkeleg spreke damer.

Me reiser på vitjing til danselag i nabobygdene Vang,Vik,

Årdal, og me har og vitjing av andre lag.

Me har eit veldig godt miljø i laget og mykje skøy og moro, så

me gler oss til torsdagskveldane.

1.desember 2016 feira me 10års jubileum. Det var folk frå

Fylkeslaget, talar, song,koltbord og dans, ein svært vellukka

kveld.

Me har same problemet som mange andre lag ,rekruttering, til

å få yngre inn til danseleiarar, men me håpar det kan laga seg.

 

Leiaren Hildur Refsnes yngste alle velkomen til jubiliumet og spesielt velkomen til

dei som var med å starta seniordansen og ikkje minst dei frå Førde som kvar måndag

køyrde til å frå Dale for å hjelpe oss med undervisninga.

Det vart først ein time med seniordans, før vi sette oss til bordet der vi fekk servert

kyllingsuppe.

Gunstein Kvåle som var ein av dei som i starten var instruktør gav oss eit attersyn og overrekte

ei  notatbok  over dei dansane vi hadde dansa og kven som var instruktør.

Så var det  tid for kaffi  og kaker  før  ein avslutta med ei  økt med seniordans.

Harry Standal

  dansel.

8. Juni sette 36 seniordansarar seg på bussen med kurs over fjellet og til Pers Hotell på Gol.
Det var Askvoll Seniordans som stod bak, og arrangerte turen.
Vi fekk med oss dansarar frå Førdefjorden, Førde, Hyllestad, Atløy og Jølster. Ein Glad gjeng.
Heile torsdagen dansa vi saman med Gol seniordans.
Etter middag torsdag kveld kom nokre frå Gol og synte oss hallingspringar.
Dei var kledde i bunad så det vart fest over det.
Fekk også Fanitullen og Åse fantemor deklamerte av Rasmus Støyva og Johannes Ness. Eit fint innslag.
Fredag hadde vi også ei ykt med seniordans, før vi sette kursen heimover.
Vergudane var på vår side heile tida, strålande sol frå klar himmel frå først til sist.
Ein dyktig sjåfør, glade passasjerar og flinke dansarar. Så i år som i fjor ein strålande tur.

Annemor Helle (Askvoll Seniordans)

13 AUGUST 2015 vart Seniordansens dag arrangert i Askvoll Samfunnshus. Dette var eit innslag i Dalsfjordveka og eit samarbeid mellom danselaga i Askvoll, Fjaler og Gaular kommunar. I tillegg var der med dansarar frå Hyllestad, Kyrkjebø, Førde og Naustdal seniordanslag.

Vågsøy Seniordans  

Fredag 31. oktober feira vi 10 årsjubileum for Vågsøy Seniordans -Festen var i Kulturhuset Turnhallen. Dei som var med fra starten av, og som av ulike årsaker er slutta, leiaren i Vågsøy Pensjonistlag, Kristin Hafsås, og sist men ikkje minst ,fylkesleiar i seniordans Sogn og fj.Olaug Bakke Gjengedal.med ektemann,Asbjørn, var blant dei innviterte gjestane. Så mellem 50 og 60 personar var tilstades på festen vår. Fint dekka bord, god middagsmat. kaffi og kaker, sang og litt underhaldning. Og sjølvsagt mykje seniordans der alle var med som kunne bevege seg, Kjempekoselig. Historia til V S, vart framført og den følger her.

Her danser vi linedans. Fra venstre: Kjellaug Vedvik, Solfrid Kråkenes, Sigyn Frekhaug(bak), Else Kvalheim og Audhild Svensen.

             


Foto: Leif Dalehamn

For andre år på rad vart vi inviterte til seniordans på Sogndal Folkehøgskule frå 16. – 21. juni 2014.
Kl 17.00   Ankomst og innkvartering.
Kl 18.30   Middag i spisesalen, der vi fekk heimelaga kjøttkaker m/diverse grønsaker og heimelaga fruktgrøt.
Kl 19.30   Seniordans i gymsalen, der vi fekk møte Anne Lise og Einar fra Sogndal Seniordans, som var med oss kvar dag. Det fekk dansarane frå Sogndalsringen også vere med på når dei ville.
Kl 21.00   Kaffe/te og frukt i peisestua. Velkomen til Sogndal folkehøgskule v/Rektor May Evy.

Dei påfølgande dagane hadde vi Morgentrim, Morgensamling, Div. kåseri, Fjørevandring, tur til Heibergske Samlinger, Jostedalen, med Nigardsbreen og Bresenteret.

May Evy var på plass kl 07.30 kvar dag for morgentrim. Ho var med oss heile dagen, og stod på til seine kvelden. Dans hadde vi to ganger om dagen.

God heimelaga mat fekk vi heile tida, ingen ting å klage på. Vi var 40 dansera fra Egersund i sør til Trøndelag i nord.

Dette var ei oppleving vi lever lenge på. Stor takk til Rektor May Evy, Anne Lise og Einar.

Mvh. Åshild

2014-02-03-gloppenx200GRATULERER

 

Gloppen Seniordans har ei sprek dame på laget. Ragna er på dansen så sant ho er heime. Den 95 år gamle gymlæraren sit sjeldan ned for å kvile. Ho bevegar seg lett og smidig, og er positiv, klar og ungdommeleg.

Vi gratulerer deg, Ragna!
Du er eit stort ideal for oss alle.

 

Olaug Bakke Gjengedal

 IMG 0776X650Her er et bilde av en gladgjeng i seniordans Volda. Vi har det veldig kjekt, og gleder oss til hver fredag som er dansedagen vår. Personen på bildet hadde nettopp fylt 90 år, og vi har det som tradisjon at når noen i danselaget vårt runder de 90, da blir det marsipankake.(klikk på bildet for stort bilde)

GloppenSeniordans10aarx400Gloppen Seniordans var 10 år 13.10.2013.

Vi hadde ei flott jubileumsfeiring med middag og dans på Gloppen Hotell 2. desember. Danseringen har nå 47 aktive dansarar og er ein triveleg møtestad.

Olaug B.Gjengedal  

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)