I oktober runda Voss seniordans 15 år.  Dette måtte markerast, og 29. november skipa laget til jubileumsfest kombinert med den tradisjonelle førjulsfesten.
  Naboen, Bulken seniordans, vart invitert med, og me møttest til middag, kaffistund og dans, bl.a. dansane frå den første dansedagen i 2003.
I referatboka fann me at dei hadde dansa «Rugen», «Fluen» og «Den glade ringen».  Desse prøvde me, enklare dansar enn i dag, men gøy likevel.
Tidlegare gruppeleiar Ingebjørg Fletre summerte hendingane i laget gjennom desse 15 åra, mange kjekke tiltak hadde det vore.
Dei tre som starta opp laget, var Marta Utkvitne, Kirsten Eikefjord og Ingebjørg Klyve. Marta er død, Kirsten har skrantande helse,
men Ingebjørg Klyve deltok på festen og fekk blomebukett.  Seniordansarar frå Bulken framførde gratulasjonssong til laget.
  Danseleiarane vart også gjort stas på med fine blomebukettar.

Besøk til denne nettsiden (se på statistikk)